søndag 19. april 2009

Påskeegg

Påska er over og godsakane er utleverte, så då er det og trygt å leggje ut eit bilete.


Sidan vi skulle vere saman med onkel-, og no også, tanteungane våre syns eg at vi måtte ha med noko kjekt. Ein dag vi var i byen fann eg nokre kjempesmå og søte påskeegg i grå papp. Dei har eg laga til med serviettar, band, fjær og decoupage! Ungane sette i alle fall pris på innhaldet, og tante Elisabeth syns det var kjekt å gi vekk og!

Ingen kommentarer: