søndag 29. november 2009

1. søndag i advent

Sterke tradisjonar heimefrå får no feste i min eigen heim! Advent og lilla høyrar saman, og midt i all eksamenslesinga var eg og Ragnhild på markatur og mosesamling denne veka. Det har resultert i årets adventsstake med mosehjerter. Gjenbruk av vrihasselen frå bryllaupet er stas, og det er faktisk same sort lys frå IKEA, berre i ein anna farge. I dag har vi hatt adventsstund med tenning av lys og song av første vers i adventssongen. Eg har eksamen i morgon, så noko særleg meir adventskos vert det ikkje tid til. Med unntak av ein adventskonsert i kveld. Det vert kjekt! God første søndag i advent, og hugs kven vi ventar på no når vi går inn i adventstida, Fredsfyrsten fra Betlehem.

Men du, Betlehem, Efrata,
den ringeste blant ættene i Juda!
Fra deg lar jeg komme en mann
som skal være hersker over Israel.
Han har sitt opphav i gammel tid,
han er fra eldgamle dager.
Mika 5,1





Følg forresten med.. 1. desember vert det avduking av årets adventskalender :)

4 kommentarer:

Møyfrid sa...

Så fin den va Elisabeth! Ha ei nydeleg adventstid. Klem

Lina sa...

Nydelig adventspynt du har laga!!
Og jeg har venta på adventskalenderen din :) Gleder meg til å se! Håper eksamen har godt bra idag og god bedring vennen! :)

Unknown sa...

God advent til dokke begge to!
Nydeleg adventsdekorasjon!
I år har eg eitt lilla lys som eg tenner kvar dag!Det skaper også forventning.....

Elisabeth sa...

Takk for at de likte adventsstaken min :)