tirsdag 1. desember 2009

Kjære mamma og pappa!

Som du skreiv i kommentaren til førre innlegg mamma, er eit lilla adventslys noko som skapar forventning. Kanskje kan også denne adventskalenderen vere med på å skape forventning? Den er i alle høve på veg til ein stad nær dykk :) God adventstid!

Så.. Korleis fungerer han? Hjerta med kvit malje er til deg mamma, og hjerta med svart malje er til deg pappa. Nokre er til begge to. Drag i hjertet, klipp av tråden mellom hjertet og veggen på eska, åpne luka og sjå kva skatt som skjuler seg..


Heimelaga hengsel av papir og svarte brads.


Heimelaga knottar på eskene av kvite brads.
Lykter frå Panduro.

To oppbevaringsesker til dei avklipte hjerta frå Panduro er ikkje så dumt..


Snøkrystallar og pompongband fra Panduro. Nesten alt materialet er frå Panduro i mangel på ordentlige scrapbookbutikkar i Trondheim.

Og dette er innhaldet.. Ikkje lov å lese på lappen, mamma og pappa :)

Denne adventskalenderen har vore eit langtidsprosjekt. Eg vart superinspirert av denne artikkelen på Scrappehuset. Ei skikkelig flink scrappedame hadde laga ein tutorial om korleis lage adventskalenderen :) Og her er eit av resultata. Eg har nemleg laga enno ein kalender, men den må berre få litt innhald først før den kjem på bloggen i løpet av dagen :) Kjempekjekk kalender å lage, måtte fram med litt av kvart verktøy, drillen og tapetkniven fekk verkeleg kjørt seg, så skikkeleg kjekk førebuing til advent. Eg er og ferdig med første eksamen og har levert bacheloroppgåve, så no er det siste innspurt før andre eksamen i morgon, og på mandag etter siste eksamen er det juleferie :) HURRA!

5 kommentarer:

Torill sa...

KNALLLFIN!!!
jeg er så imponert over tålmodigheten!
KNALLFIN!!

Marianne sa...

Dette er den fineste kalenderen jeg noen gang har sett!!!
Du er helten Elisabeth

Lina sa...

WOW !!!!

Mariann (mais) sa...

Hei Elisabeth :)
Så moro at du ble inspirert til å lage slike kalendere, kjempegøy å se bilder. Kalendern ble veldig flott Elisabeth. Det var stilig måten du har pyntet med hjertene kombinert med sløyfebånd. Lekre farger du har valgt. Smart å ha ulike farger på maljene etter som hvem som skal få dagens gave. Heldige mamma'n og pappa'n din.
Klem fra Mariann

Unknown sa...

Vi er overveldet og takknemlige!!
Gled oss til kvar ny dag- snart møtes vi!
Takk til alle fire og spesielt til deg Elisabeth for tidsbruk og kreativitet!
klem frå mamma og pappa