fredag 25. desember 2009

Julegåver 2009

God jul til alle lesarar av eglagar! No kan eg endeleg poste noko av det eg har gitt vekk i julegåver i år. Her er nokre englar som eg har sydd! 15 stk vart det og med matchande hjerter som kan henge på juletreet!

På utstilling på eit heimelaga juletre i butikken til Heidi på Sandane.

God jul :) No skal vi snart ete 1. juledagsmiddag!
Hos oss vert det kalkun i dag!


Til niese Hanna har eg sydd eit koseleg forklé etter eit gammalt forklé som mormor sydde til ho mamma då ho var sju år.


Sidan svigerinne Rut ynskja seg strikkepinneetui på bloggen rett før jul måtte eg nesten laga eit til ho. Og her er det eg laga til henne med ei ny lukkemekanisme. Eit gammalt selebuksefeste!

lørdag 19. desember 2009

Takke meg til

No var det lenge sidan eg hadde posta noko her..

Eg er hos søstra mi og hjelper til med siste førebuingane før storinnrykket av resten av familien kjem over helga :)

Då Heidi og eg rydda kjøkkenbenken i kveld meldte behovet for eit trekk til takka seg. Etter først eit mislukka forsøk fekk vi til dette trekket, og det er vi godt nøgde med!

torsdag 10. desember 2009

Sydama

Etter at eg vart ferdig med eksamen på mandag har eg gjort ein ting. Eg har sydd.


Hadde kvinneforeninga på sykveld på mandag. Då sydde vi hjerter, små fylte hjerter til for eksempel å henge på juletreet. Tysdag, onsdag og i dag har eg sydd på nokre juleprosjekt som kjem på bloggen etter jul. Kan ikkje avsløre julegåvene :)

Hanne og Marie undrar seg over tråddottane som kjem ut av Marie si symaskin.


Andrea er særs ivrig i stappinga av hjerta.

Ferdige hjerter!

Har også sydd ei bestilling på eit strikkepinneetui. Fann dette skikkeleg kule stoffet på stoff og stil med babuskaer (skrivast det slik?). Syns det var så stilig. Og eigaren vart nøgd og! Kjempekjekt!


No gjenstår det stort sett tråkling av vrengeopningar og slike ting på julegåvene. Men det er kjekt arbeid! Deilig å endeleg få gjere noko praktisk! God natt :)

søndag 6. desember 2009

Mamma lagar

Syns mamma fortener ein plass på sida :) Ho vart inspirert av adventsstjerna mi og har laga to stk til seg sjølv :) Her er biletet av den eine. Ha ein god andre søndag i advent!

lørdag 5. desember 2009

Julepynt

That's just so cute har ei ny utfordring på gang - juleextra. Denne gongen er temaet jul og ein kan laga nett det ein har lyst til så lenge det har med jul å gjere. Eg har vorte inspirert til å lage julekuler av denne bloggaren. Kjempelette å lage og samstundes veldig dekorative.

Årsaken til at eg er tidleg oppe ein laurdagsmorgon er at eg skal i gang med lesinga att. Siste eksamen på mandag. Eg gler meg til å få juleferie.

fredag 4. desember 2009

Adventsstjerne

I går hadde eg koseleg besøk av Lina. Vi laga adventsstjerner! Fant ei skikkeleg fin stjerne på mi bloggferd i går, og har først inspirasjonen kome då må eg berre setje igong :) Malen til stjerna finn du her. No har eg hengt stjerna opp i vindauget og det vart koseleg! Ha ein fin dag alle saman!

tirsdag 1. desember 2009

Tamtaratamtamta!


Då var 1. desember snart over.

Hehe. Kanskje ein litt voldsam tittel. Men eg har jo lova å legge ut bileter av vår adventskalender og. Eg har nett gjort han ferdig og er supernøgd med resultatet! Som den andre kalenderen under er nesten alt materialet frå Panduro. Hjerta er frå Perlehuset. Skikkeleg kjekt å ha vår eigen "godteautomat". No er den fylt med spanande typar tyggis og sukkerfrie drops som vi ellers aldri smakar på. Pluss nokre overraskelsar til Hans Jakob. Sjølv om eg eigentleg er i mot rødt i adventstida hadde Panduro så dårleg utval av lilla mønsterark at eg syns dei raude og brune gjorde litt meir av seg!


Langt i frå ein svart kvit dag

Så rakk eg akkurat å vere med på that's just so cute si "extra cute 4 - sjakkmatt". Fristen går ut i kveld og her er mitt bidrag som har vore påbegynt ei stund, men som eksamenstida nesten gjorde at eg ikkje vart ferdig med. Men i kveld, kvelden før eksamen, har mykje scrapping vorte unnagjort. Og no gjenstår berre litt pugg før eg er klar!

Bileta er frå då vi gifta oss i januar og LOen er med i bryllaupsalbumen :)


Det minste biletet har vi nett framkalt på lerret. Og no prydar det veggen på stova :)


Kjære mamma og pappa!

Som du skreiv i kommentaren til førre innlegg mamma, er eit lilla adventslys noko som skapar forventning. Kanskje kan også denne adventskalenderen vere med på å skape forventning? Den er i alle høve på veg til ein stad nær dykk :) God adventstid!

Så.. Korleis fungerer han? Hjerta med kvit malje er til deg mamma, og hjerta med svart malje er til deg pappa. Nokre er til begge to. Drag i hjertet, klipp av tråden mellom hjertet og veggen på eska, åpne luka og sjå kva skatt som skjuler seg..


Heimelaga hengsel av papir og svarte brads.


Heimelaga knottar på eskene av kvite brads.
Lykter frå Panduro.

To oppbevaringsesker til dei avklipte hjerta frå Panduro er ikkje så dumt..


Snøkrystallar og pompongband fra Panduro. Nesten alt materialet er frå Panduro i mangel på ordentlige scrapbookbutikkar i Trondheim.

Og dette er innhaldet.. Ikkje lov å lese på lappen, mamma og pappa :)

Denne adventskalenderen har vore eit langtidsprosjekt. Eg vart superinspirert av denne artikkelen på Scrappehuset. Ei skikkelig flink scrappedame hadde laga ein tutorial om korleis lage adventskalenderen :) Og her er eit av resultata. Eg har nemleg laga enno ein kalender, men den må berre få litt innhald først før den kjem på bloggen i løpet av dagen :) Kjempekjekk kalender å lage, måtte fram med litt av kvart verktøy, drillen og tapetkniven fekk verkeleg kjørt seg, så skikkeleg kjekk førebuing til advent. Eg er og ferdig med første eksamen og har levert bacheloroppgåve, så no er det siste innspurt før andre eksamen i morgon, og på mandag etter siste eksamen er det juleferie :) HURRA!