torsdag 10. desember 2009

Sydama

Etter at eg vart ferdig med eksamen på mandag har eg gjort ein ting. Eg har sydd.


Hadde kvinneforeninga på sykveld på mandag. Då sydde vi hjerter, små fylte hjerter til for eksempel å henge på juletreet. Tysdag, onsdag og i dag har eg sydd på nokre juleprosjekt som kjem på bloggen etter jul. Kan ikkje avsløre julegåvene :)

Hanne og Marie undrar seg over tråddottane som kjem ut av Marie si symaskin.


Andrea er særs ivrig i stappinga av hjerta.

Ferdige hjerter!

Har også sydd ei bestilling på eit strikkepinneetui. Fann dette skikkeleg kule stoffet på stoff og stil med babuskaer (skrivast det slik?). Syns det var så stilig. Og eigaren vart nøgd og! Kjempekjekt!


No gjenstår det stort sett tråkling av vrengeopningar og slike ting på julegåvene. Men det er kjekt arbeid! Deilig å endeleg få gjere noko praktisk! God natt :)

3 kommentarer:

Lina sa...

Eieren er veldig fornøyd:) Takk!

Elisabeth sa...

:) Supert! I dag har eg ordne- og ryddedag inkludert baking av lussekattar til søndag :)

Anonym sa...

elisabeth!!! du er ein inspirasjon!!! og eg ynskjer meg strikkepinneetui til neste gåveanledning!!!!!!