søndag 31. mai 2009

Handsydd bok

Svigerinne Rut har lært meg å sy bøker. Denne har eg haldt på med heilt sidan februar, og i dag vart den ferdig. Det har ikkje teke så lang tid, men andre ting har vorte prioritert. Denne boka skal eg bruke til å skrive oppskrifter på handarbeid og scrappeting eg lagar i. Slik at eg slepp å leite på internett etter same oppskrifta stadig vekk.





tirsdag 26. mai 2009

Bestillingar og anna kjekt

Har fått to bestillingar på kort i mai :) Ei bestilling på to exploding boxes, laga som album til ein konfirmant. Og ei bestilling på 50-års-kort! Elles har eg laga bryllaupskort og 40-års-kort! Hans Jakob har eksamenstid så eg har mykje tid om kveldane, så det er berre å seie frå dersom akkurat du treng eit kort :) Eller noko anna..




Her er resultatet :)

Eg har og laga eit nytt type kort. Eit uttrekkskort.
Når ein dreg i bandet øvst kjem det ut eit kort både over og under kortet :)
Her er 50-års kortet :)
Eg har prøvd meg med symaskina og sydd stilk til blomen!
Dette er eit tagkort.




Og så var det bryllaupskortet. Også eit uttrekkskort!
Får håpe brudeparet ikkje les denne bloggen!