mandag 22. juni 2009

Stoff og stil

Dette er namnet på min nye favorittbutikk! :) Stoff og stil har nett opna i Trondheim og eg har allereie vore der tre gongar. Den andre gongen kom eg heim med mønster og stoff til denne her.


(Nesten) første gongs bruk på Kreta :)

Eg har sydd min heilt eigen buksedress. Første gong eg har sydd noko etter mønster i det heile teke :) Det var kjempekjekt og gjort på tre kveldar. No gler eg meg til meir sommarver slik at eg kan bruke den fleire gongar!

tirsdag 9. juni 2009

Feriekreativitet

Det er så godt med ferie! Då merker ein kor mykje tid ein brukar på andre ting elles :) No har eg mykje tid i massevis til å gjere kreative saker og ting sidan eg ikkje jobbar så mykje (endå). Difor vert det tid til ferdigstilling av endå eit prosjekt som har ligge på hylla sidan februar. Ein dorullhaldar! Kjekt å ha..


Eg har applikert på hjarta for hand :)