torsdag 29. oktober 2009

Saumfart

Saumfart er det ein har når ein får bestillingar på strikkepinneetui :) Då må ein sy i full fart. Her er to laga på like mange dagar. Restestoffet frå jumpsuiten eg laga i sommar vart nok til det nedste, og det prikkete stoffet har eg kjøpt på stoff og stil, og det likar eg kjempegodt!
Er det fleire som har lyst på strikkepinneetui? Eg syr gjerne på bestilling..








tirsdag 27. oktober 2009

Gift..

Produksjonen har som sagt vore stor i det siste..
Her er siste bidrag til bryllaupsalbumen :)

mandag 26. oktober 2009

Sol

Hans Jakob har vore vekkreist i helga, så alt av scrapbookutstyr har fått flyte utover :) Det har resultert i fleire LOar til bryllaupsalbumet og til forlovingstidsalbumet, og her er ein av LOane som skal i forlovingstidalbumet. Ein flott maidag i Trondheim i fjor var eg og Hans Jakob på scootertur.. Vi endte opp på det som viste seg å vere nudiststranda i Trondheim. Vi fant nemlig ut at det låg ein naken mann på eit svaberg litt lenger borte, då nokre små ungar ropte til pappaen sin. "Pappa, pappa, her er ein naken mann!" Vi valte å ikkje ta bilete av han, men tok i staden for eit bilete av meg med Trondheimsfjorden i bakgrunnen..



Eg har fått inspirasjon til denne LOen her. Syns saumsirklane var så stilige :)

lørdag 24. oktober 2009

Seinsommargolf - skissedillaskisse #30

Ny LO laga etter skisse frå skissedilla.
Her frå ein seinsommardag i fjor då vi var på Byåsen og koste oss på drivingrangen..
Kameraet til Hans Jakob gjekk tomt for batteri, så det vart ikkje så gode bilete..




onsdag 21. oktober 2009

To nye handsydde bøker

Er litt opptatt for tida, så difor vert det ikkje så mykje scrapping nett no. Men eg kom på at eg ikkje har synt fram dei to bøkene eg laga av gamle barnebøker til to av mine venninner.. Her har eg brukt koptisk saum (som eg har lært av svigerinne Rut) til å sy saman bokpermar og nye fine kvite ark til ei kjekk bok.



mandag 12. oktober 2009

Mykje aktivitet

Er plutselig blitt så aktiv her inne.. :) Men slik er det når studieveka er i gang, og det ikkje er noko press på å lese. Då vert det mange og lange surfingar rundt på ulike sider. Fant for eksempel denne.. http://kreativekikki.blogspot.com/ som har ein blogcandy på gang.. Er berre å linke til ho så kan eg vinne :) Tenk det!

søndag 11. oktober 2009

Julepost

Ny søndag, betyr ny skisse til LO frå skissedilla.blogspot.com.. Vekas skisse var ei kjekk utfordring, og eg har tolka den slik :) Endeleg fekk eg brukt litt av dei arka eg ikkje har visst heilt korleis eg skulle bruke..

Har hatt ei kjempeproduktiv scrappehelg, kjempekjekt!

lørdag 10. oktober 2009

Rut lagar..

Svigersystra mi Rut har starta eige firma - Kongskunst. Ho er kjempeflink til å lage ting, og no har ho laga ein flott prinsessekalender. Perfekt for alle prinsesser til jul! Sjekk ut!http://www.kongskunst.no/


torsdag 8. oktober 2009

Vi to

Har scrappa ein LO som bidrag til ein konkurranse på skissedilla.blogspot.com.
LOen er ein del av albumen frå tida Hans Jakob og eg var forlova. Ei skikkelig kjekk utfordring!