tirsdag 20. april 2010

Bryllupsalbum

Eg har vore kreativ igjen.. Det blåste ein inspirasjonsvind over meg på søndag og eg fekk gjort ferdig fortsettelsen på ein dobbel-LO pluss laga ei ny side..


Første side av vinterland laga eg i november,
så det tok meg altså fem månadar å finne inspirasjon til å lage denne.
Eg har hekla saman bilda, og så er det litt blonder og ein brun krystallswirl..

Her er fra fotograferinga etter kyrkja med hjelp av to gode vener.
Det var faktisk berre så vidt vi hugsa å ta bilete saman med forloverane!
Men dette vart no ganske kult då :)

lørdag 10. april 2010

Konfirmasjonstid

Det nærmar seg konfirmasjonar, og sidan eg ikkje skal i nokon, brukar eg heller tida på å lage kort til andre som skal i konfirmasjon. Eit til mamma og eit til svigermor. Eit jentekort og eit gutekort, som eigentleg er svæært så like.. :) Men litt samlebandsproduksjon må vere lov.