tirsdag 29. juni 2010

Scrapbook heaven

No er det lenge sidan sist eg var innom og blogga her.. Det vert lite produksjon på meg for tida ddå eg er i USA. I staden for sørgjer eg for å gjere innkjøp slik at eg kan fortsette produksjonen når eg kjem heim.

Var på to ulike scrapbookbutikkar i går, og begge gjekk Panduro og andre norske scrapbookbutikkar ein høg gang. Her er alt så stort! Og hurra for det! Fekk kjøpt masse fint.


Blant anna:
- blomar frå Prima
- ulike silkeband
- fire puncherar frå Martha Stewart
- dymotape i kvit, rosa og lyseblå
- ulike alfabet
- eyelets
- 36 nye pennar!
- diverse ark
- rubons
- ein del pappklistremerker frå byane vi har vore i og skal til
- og sist, men ikkje minst, nytt skjærebrett frå fiskars. Det gamle hadde starta å kutte skeivt.

No gler eg meg til ein ny scrappehaust!

PS: Minnar om giveawayen i førre innlegg!

tirsdag 15. juni 2010

Giveaway

Eg tenkte eg måtte feire litt at eg skal på sommerferie.. Det førar jo til at det vert dårleg med oppdateringar her på ei stund. Difor tenkte eg at eg kunne ha ein liten giveaway til de som ikkje får vere med meg på utsatt bryllaupsreise!

I tillegg er det jo så mange kjekke folk som er innom og kommenterar på bloggen min! Tusen hjarteleg takk for alle dei kjekke orda de skriv. Og så er det litt kjekt å sjå at det er folk frå heile landet som er innom. Det veit eg fordi eg brukar google analytics til å følgje med på statistikken på sida. Så no har du sjansen til å legge igjen ein kommentar og kanskje få noko att for det!!

Og korleis fungerar så giveawayen..

Du får 1 lodd for å kommentere dette innlegget.
2 lodd kan verte dine dersom du vert følgjar av bloggen min.
Og 3 lodd får du dersom du lenkjer til bloggen min med biletet som er brukt i innlegget.
Skriv i ein kommentar kor mange lodd du tek!

Vinnaren trekk eg 1. august. Så her har de lang tid på dykk :)

Og kva gir eg vekk? Jo, ein liten sminkepung og ei lita lommebok akkurat med nok plass til nokre få kort og litt myntar..


GOD SOMMAR TIL ALLE LESARANE MINE!!

PS: Om du har lyst, kan du følgje oss på ferietur på fordidetervito.

mandag 14. juni 2010

Betre seint enn aldri

Jammen meg det rakk eg ein bloggpost før klokka vart over midnatt..

Nye puter i sofaen har vore eit lenge påtenkt prosjekt. Og i dag vart det realisert! Hurra for det! Ein tur til Stoff og stil gjorde utslaget. Det var kome eit nytt stoff som passa så godt til gardinene våre! Og det brune stoffet passa godt til sofaen i seg sjølv. Og så vart det nok stoff til ei lita brikke på stovebordet og. Putene har trykknapp i botnen så det er lett å ta av trekket for å vaske det om det skulle verte naudsynt. Så idag har eg lært korleis ein slår i trykknappar og! No ventar ryddinga.. God natt!

søndag 13. juni 2010

Rydding av klesskap

Har rydda klesskapet i dag. Det var på tide.. Sidan vi snart reiser på ferie og har planar om å kjøpe nye klede då, måtte det ryddast litt plass, samt pønskast ut kva nye klede eg har aller mest lyst på. Eg kom over ein sommartopp som var så sliten i strikken at den godt kunne brukast til noko heilt anna. Den vart til ein babykjole, eller ein liten babytopp fritt etter denne oppskrifta. Har framleis litt stoff att, så kanskje vert det ein til?


I morgon må eg på Stoff og stil og kjøpe fleire glidelåsar. Det var jo kjempekjekt å lage sånne små vesker og lommebøker!

lørdag 12. juni 2010

To innlegg på ein dag?

At eg skriv to innlegg på ein dag seier vel noko om kor kjekt eg har det nett no med syinga. Eg sit på stua med utslått kjøkkenbord, og Hans Jakob sit i stolen og ser fotball-VM. Snakk om kjekk kvalitetstid!

Lovte jo i går kveld å vise fram det eg sydde på i går. I dag er dei siste kleda heilt ferdige. Eg har sydd ein kjole og ein buksedress etter mønster fra "Barnetøy du selv kan sy 0-4 år" av Elsebeth Gynther. Artig å finne att diverse mønster som eg kjenner att frå eg sjølv var lita. Og stor var gleda då eg fann ut at maskina mi kan sy i knappar! :) Det sparar veldig mykje tid.


Eg har og sydd ei smekke eller eit halstørkle av ei strimle hjertestoff som eg hadde i ei boks. (Den er til deg Lina!) Og til slutt har eg endeleg fått sydd "reiselommebok" og "reiselitavesketilåhamobilogandresmåtingi". Eg har grudd meg skikkeleg til å sy desse to fordi eg aldri hadde sydd i glidelås før. Men etter litt prøving og feiling og opprekking av saumar fekk eg det til på to ulike måtar. Litt digg var det at eg sydde desse to av nokre små brikker eg kjøpte på loppemarknaden, dei var nemleg ferdig fora! Genialt! Nokre små hjerter har eg og på lager, og neste prosjekt med desse får de sikkert sjå i morgon!


Kleshengarar og tutorial


I går kveld på nattevakt fekk eg ein god idé..
Kleshengarane mine er for store for barnekleda, så kvifor ikkje lage eigne passande barnekleshengarar sjølv?

Tenkte eg kunne forklare steg for steg korleis eg laga dei, så kanskje du får lyst til å lage kleshengarar sjølv?

Først måtte eg på Clas Ohlson for å kjøpe ståltråd. Kjøpte ein som er 1,5 mm tjukk. Den er passe stiv til å henge noko på, men samstundes ikkje så stiv at eg ikkje klarar å bøye den med handemakt. Og i posen var det tre rullar, ein rull rakk til tretten hengarar.

Deretter bar det heim, og eg måtte rote litt i ei av hobbyeskene mine under senga etter treperlene mine. Dei såg eg for meg at kunne passe bra som pynt. Klipte opp ståltråden med ei avbitartang i stykke på litt over ein meter. Sjølve hengaren er ca 30 cm brei. For å få til dei runde endane bøyde eg ståltråden rundt metallrøret på støvsugeren, då vart kleshengeren passeleg avrunda. Tvinna ståltråden på toppen etter å ha forma til ei passeleg form, tredde på perler på endane, forma eit hjerte, tvinna igjen og klipte av endane med ei avbitartang.

Desse kleshengarane er alt for fine til å henge inni skapet, difor brydde eg meg ikkje med å lage krok til å henge over ei stang. I staden for kan ein spikre ein spiker i veggen og la kleshengeren henge framme med favorittplagget på!

Etter å ha laga ti perlekleshengarar kom eg på at eg hadde litt kvite gjennomsiktige stoffrestar igjen frå ei av gardinene frå loppemarknaden eg var på førre helg. På dei siste tre kleshengarane tvinna eg stoffstrimler rundt ståltråden før eg bøyde den. For å få stoffstrimlene til å sitte fast tvinna eg tynnare ståltråd rundt og rundt.

No vert det enda kjekkare å sy fine ting, når dei kan henge på eigenproduserte hengarar!
Håper du prøver!

fredag 11. juni 2010

Selge det eg syr?

I dag har eg ingen ferdige produkt å vise til. Fordi dei ikkje er heilt ferdige, og fordi eg har plundra mykje med tankane om kor kjekt det er å sy, og at eg har lyst å sy meir. Og at eg har lyst å selge det eg syr og tene pengar på hobbyen min. Det er målet :) Det skal eg frå hausten av. Då vert mine barneklede å finne både på nettet, og i ein liten liten butikk. Eg har til og med funne navn. Men det er hemmeleg enno..

Så no må eg lage nye merkelappar.. Trur jammen meg det eg skal bestille frå denne sida. Dei førre vart nemleg ikkje nokon kjempesuksess, fordi teksten gjekk av i vask endå at eg hadde brukt strykejernet på dei slik som det stod på tekstilmalingsboksen.. Jaja. Det var no kjekt å lage merkelappane i alle høve.

Bilete av det eg har sydd i dag kjem nok høgst truleg i morgon.

torsdag 10. juni 2010

Frå putevar til sommerkjole

Inspirasjonen er framleis vedvarande! Hurra for det! Har sydd to barnesommarkjolar etter denne oppskrifta her. Bloggen hennar er absolutt verdt eit besøk for deg som likar søm, fargen kvit og koselege ord!

Men det var kjolane.. Oppskrifta var ganske lett å følgje, og ein treng heller ikkje så mykje stoff. Difor vart eit av putevara frå loppemarknaden ofra, syns det passa heilt utmerka til sommarkjole. Og det kjekke var jo at eg fekk to kjolar av eit putevar. Det kallar eg bonus! No skal eg ut i marka å orientere litt. Gler meg!

onsdag 9. juni 2010

Forklekjolar. Gårsdagens prosjekt.

Sidan eg er i symodus for tida reisar eg rundt på mange ulike bloggar etter inspirasjon. Hos denne dama, fant eg noko eg fekk så lyst til å sy. Forklekjolar er veldig søtt på små ungar tykkjer eg. Og eg reknar med at dei skal få bein å gå på etterkvart som søstre, svigersøstre, venninner og eg set i gang produksjonen av små søte jenter..

På grunn av at eg ikkje hadde noko mønster til desse forklekjolane vart gårsdagens prosjekt av typen langvarig. Først prøvde eg å lage mønster sjølv. Deretter innsåg eg at eg ikkje fekk det til. Så reiste eg opp på skulen for å skrive ut og forstørre mønsteret frå Helene på kopimaskina. Og då eg kom heimatt kunne eg endeleg prøve meg fram med å klippe til mønster.


Sidan eg ikkje har ein baby tilgjengeleg måtte Substi trø til som prøvedukke. Han har vel kanskje ikkje heilt den rette storleiken, men eg fekk no eit slags inntrykk av at dette kunne bli bra.

Eg leitte litt i stofflageret og fann fram dei gamle barndomsgardinene mine med marihøner på, eit raudt bomullstoff og babusjkastoffet pluss rosestoffet frå stoff og stil. Deretter sette eg i gang og eg var ferdig klokka halv tolv i går kveld. Kjolane kan brukast på begge sider, og difor applikerte eg på nokre marihøner på marihønekjolen, og tre babusjkadokker på babusjkakjolen.

I dag har eg vore ute i bakgården for å ta bilete av kjolane, og no er planen å gå ut att. For der var det sol og varmt! Ha ein fin dag alle saman!

tirsdag 8. juni 2010

Merkelappar.. endelig!


Har tenkt lenge på at eg skulle få bestilt meg merkelappar. Har spekulert på kva som skulle vere merkenavnet mitt. Men tilslutt måtte eg berre innsjå at sidan bloggen heiter "eg lagar", og sidan det er eg som lagar tinga, så måtte det verte merkelappar med "eg lagar" på. Var på ei bloggrunde i går og kom over denne oppskrifta på korleis eg kunne lage mine egne merkelappar. Eg sette i gang, fann fram litt flanell som eg hadde liggande, og litt rosa filt. Så brukte eg litt hardplast frå ei gåveeske til å skjære ut malen. Fann litt stoffmaling og ein svamp i syskrinet, og så var det berre å setje igang.. Litt plundrete prosjekt, ikkje like lett å få alle trykka til å verte fine, men alt i alt er eg nøgd. Og det beste er at no har eg malen, så eg kan berre lage fleire når eg treng det! No må eg berre sy litt fleire ting slik at eg får prøvd ut merkelappane!

mandag 7. juni 2010

Sydama 2

Då var den andre skjorta og sydd om.. Eg var så ivrig etter å skjære i stoffet at eg heilt gløymte å ta eit førbilete. Her er i alle høve etterbileta.. Nok eit par med blondegardiner vart med heim frå loppemarknaden, og dei har vorte både til kant nede, og til stropper. Knappestolpen er i ryggen på denne og, men er sydd heilt att sidan eg har brukt strikk for å få grei passform. Fann og to merkelappar i syskrinet som eg har spart på til eit passande høve. Og det meiner eg er no, perfekt til sommartoppane :) På merkelappen står det:

WIFE
I-D-O
35 % Love
35 % Nurture
30 % Devotion
Ring Dry

Har framleis ein del stoff igjen i posen frå loppemarknaden, så det vert vel meir sying tenkjer eg.. Berre vent å sjå!

søndag 6. juni 2010

Oppussing

Det er visst ikkje berre gamle klede som får nytt liv. Bloggen har og fått ei aldri så lita oppussing. Vårgrøne overskrifter, nytt banner og kvit bakgrunn har eg pusla med i kveld. Fungerar det på nettlesarane som de brukar?

Sydama

Eg lovte i forrige innlegg å vise noko meir av det eg fann på loppemarknaden i går. Og her er ei av to skjorter som vart med heim. Skjorta var i storleik XXL, med andre ord perfekt for omsying, for her var det mykje stoff å ta av :) Etter inspirasjon frå denne bloggdama her har eg sydd meg ein sommartopp..


Utgangspunktet.. Klar for oppspretting :)

Det endelige resultatet. Sjølvsagt hengande på perlekleshengeren min som eg fekk med på kjøpet då eg kjøpte pelsboleroen til brudekjolen..

Fann nokre blondegardiner på loppemarknaden som og vart med heim, perfekt for pynting :)

På baksida er knappestolpen frå framsida av skjorta.. Sjekk Nidarosdomen i bakgrunnen :) Bra utsikt frå gangen vår :)

Og til slutt ei blid sydame, som er veldig nøgd med eit kjekt syprosjekt. No ventar neste skjorte. Spennande å sjå korleis den vert :)

lørdag 5. juni 2010

Loppefunn

Dagen i dag starta på Dyrebeskyttelsen sin loppemarknad i Trondheim. Det var ikkje berre eg som hadde teke turen dit, så allereie før dei opna var det fullt av folk i gymsalen..
Eg tok strake vegen bort til "tekstil-avdelinga" og der fann eg litt av kvart.. Ein del stoff som skal verte til litt av kvart, lovar å legge ut bilete når eg set i gang og lagar..
Men bonusfunnet var kanskje dette..


Rullar med silkeband i ulike rosa-og lillanyansar.. Og nokre kvite rullar i ulik bredde. For heile hurven, både stoffet og banda betalte eg 50 kr, så eg meiner sjølv at eg har gjort eit kupp! :)

Perfekt for vidare sying og scrapping :)

onsdag 2. juni 2010

Brudebuketten

Eg kjem lenger og lenger i arbeidet med bryllaupsalbumen. No har eg fått scrappa bileta av brudebuketten.. I posen ligg det tørka roseblad og strengen som holdt buketten saman.. Buketten var det ei venninne av meg som laga! Eg var kjempenøgd, og syns sjølvsagt at dette er den finaste brudebuketten i verda. Det vart brukt kvite roser, kvite orkidear, hjerteranke pluss nokre andre små kvite blomar. Sjølve stillaset til brudebuketten er laga av vrihassel og buketten kunne bli tredd inn på arma og henge frå den..

Arket som eg har brukt har eg spart på lenge.. Det vart kjøpt spesielt til desse bileta :) LOen er med i ei utfordring frå Nordsalten hobbyklubb som heitte "flower power". Tykkjer det passar ekstra godt med bilete av brudebuketten då.

Prinsesseposar

Eg har ferie og då har eg tid til litt av kvart. Blant anna har eg sydd tre prinsesseposar som eg har fått inspirasjon til her, og så har eg følgt denne instruksjonen.. Det er så kjekt med så mange flinke bloggarar rundt om kring som kan bidra både med instruksjon og inspirasjon!

Posane er sydd av litt restestoff som eg har hatt liggande. Eg tek ikkje sjansen på å kjøpe noko nytt stoff før etter ferien, treng kvar ei krone til USA! Men neste gong vert dei nok laga i ein litt meir sukkersøt variant :)