onsdag 9. juni 2010

Forklekjolar. Gårsdagens prosjekt.

Sidan eg er i symodus for tida reisar eg rundt på mange ulike bloggar etter inspirasjon. Hos denne dama, fant eg noko eg fekk så lyst til å sy. Forklekjolar er veldig søtt på små ungar tykkjer eg. Og eg reknar med at dei skal få bein å gå på etterkvart som søstre, svigersøstre, venninner og eg set i gang produksjonen av små søte jenter..

På grunn av at eg ikkje hadde noko mønster til desse forklekjolane vart gårsdagens prosjekt av typen langvarig. Først prøvde eg å lage mønster sjølv. Deretter innsåg eg at eg ikkje fekk det til. Så reiste eg opp på skulen for å skrive ut og forstørre mønsteret frå Helene på kopimaskina. Og då eg kom heimatt kunne eg endeleg prøve meg fram med å klippe til mønster.


Sidan eg ikkje har ein baby tilgjengeleg måtte Substi trø til som prøvedukke. Han har vel kanskje ikkje heilt den rette storleiken, men eg fekk no eit slags inntrykk av at dette kunne bli bra.

Eg leitte litt i stofflageret og fann fram dei gamle barndomsgardinene mine med marihøner på, eit raudt bomullstoff og babusjkastoffet pluss rosestoffet frå stoff og stil. Deretter sette eg i gang og eg var ferdig klokka halv tolv i går kveld. Kjolane kan brukast på begge sider, og difor applikerte eg på nokre marihøner på marihønekjolen, og tre babusjkadokker på babusjkakjolen.

I dag har eg vore ute i bakgården for å ta bilete av kjolane, og no er planen å gå ut att. For der var det sol og varmt! Ha ein fin dag alle saman!

2 kommentarer:

Solveig sa...

Ej e stum av beundring!!! :D

A K sa...

Så fine de ble :) Jeg er kjempeglad i å sy forklekjoler og lillejenta mi har opptil flere ;)

Jeg har lekt med tanken på å begynne å sy kjoler på bestilling og da r forklekjole en av modellene tenkte jeg ;) men hittil har det blitt med tankene og drømmene om å sy for andre ;)

klem