onsdag 4. august 2010

Loddtrekking

Då er trekkinga av giveawayen gjennomført. Samanlagt vart det tatt 24 lodd medrekna kommentarar og følgjarar. Eg har brukt ein digital loddtrekjar, som heilt tilfeldig trakk ut eit nummer mellom 1 og 24.. Og det vart nr. 15.

Og kven vart så den heldige vinnaren? Jau, det vart..

tamtaramtamtam..

Anja - som fekk nr. 15 tilfeldig tildelt av meg!

Hurra for deg! :) Du får dette settet i premie!! Og det er vel fare for at vi snakkast i Trondheim til hausten, så då kan du få det ved eit passande høve! :)


Forhåpentlegvis vert produksjonen sett i gang att når ferien er over, så fram til då er det berre å gjere på noko anna enn å kike innom sida mi :) God ferie til de som framleis har litt att!