søndag 28. november 2010

1. søndag i advent

Årets adventsdekorasjon vart enklare enn i fjor, men eg er likevel nøgd.. :) No er heimen rydda. Stjerna eg laga i fjor er kome opp i vindauget, julekrubba frå Willow tree er sett opp og dei lilla dukane er lagt på. Eg pyntar med lilla for å halde meg til kyrkjeåret sine fargar. Idag har vi gått inn i det nye kyrkjeåret og fargen på tekstilane i kyrkja er lilla no. Så det er det det går i her i huset.. No skal eg strikke og hekle litt, og så ventar adventskonsert i kveld før nattevakt. Det er deilig å tenke på at det går mot jul, eksamens- og jobbfri. Det vert godt! Ha ein flott 1. søndag i advent du og.. PS: det går dårleg med kortutfordringane til no. Utruleg kor mange flinke damer det er der ute :) Hehe..

onsdag 24. november 2010

Vintageutfordring

Kva ein les på lesesalen kan vere så mangt. Og akkurat no var eg på ei bloggrunde, og kom på at eg hadde eit bidrag å poste som eg har laga til Scrappiness si utfordring. Temaet var ein vintageinspirert julekreasjon. I mitt tilfelle vert dette eit vintageinspirert julekort.


Småbileta er frå Kaiser Craft "Tis' is the season". Snøkrystallarket som er brukt til bakgrunn er restar frå bryllaupsalbumen. Notepapiret er frå loppemarknad. Har brukt cracklepaint for å få ein litt betre kontrast. Har sydd fast blonden med vokstråd. Snøkrystallar frå Martha Stewart sin puncher. Og nokre metallsnøkrystallbrads har eg også fått med. Ei kjekk utfordring!

mandag 22. november 2010

Inspirasjon

Eg har hatt mykje inspirasjon i julekortlaginga i år som de ser nedover bloggen. Kjekt med så mange utfordringar som kan gje gode tips og idear til oppsett. Nordsalten hobbyklubb har ei utfordring der ein skal verte inspirert av eit bilete. Og det vart eg i aller høgste grad. Eg skulle verte inspirert av eit bilete og her er mi løysing..


Både biletet eg har valt og englen i ramma er valt på grunn av inspirasjonbiletet. Arka er frå Webster Pages og nokre andre produsentar eg ikkje har i hovudet her og no. Best Wishes-band frå Martha Stewart, og snøkrystallar frå same dama. Har sydd i hjørna med voksa bomullstråd. Og så har ein liten heklaserviett fått vere med på laget og.

Rosa, blått og lilla

Sukkersøtt har og ei utfordring på gang. Her skal ein lage eit kort med fargane rosa, blå og lilla. På juleverkstaden i går tok eg utfordringa og prøvde å lage eit kort i litt andre fargar enn det eg brukar, og slik vart resultatet.

Blomane og kartongen er i rosatonar. Snøkrystallen er i blått. Og om du ser godt etter har jenta på biletet ein lilla kjole på seg :)

Arka er frå Webster Pages. Snøkrystallar og blondekant er det puncherane til Martha Stewart som har hjelpt meg å lage. Blondane står mamma for. Blomane er frå gamle lysmansjettar med metallpynt frå perlehuset.

Kjekk utfordring å lage kort i andre fargar enn det ein vanlegvis gjer.

Ventetid

Scrappekammeret har og ei utfordring gåande som eg har laga eit julekort til. Temaet er ventetid og då syntes eg at det passa godt med eit kort til julenissen..

Papira eg har nytta her er ein god kombinasjon av Webster Pages, Kaiser Craft og nokre papir som eg kjøpte i USA i sommar som eg ikkje hugsar produsenten av. Elles har nokre små heklabrikker fått nytt bruksområde. Blomen er i utgangspunktet frå prima, men har fått ny topp av papir, resten av heklabrikken og litt bling. Bandet er frå ei julegåve i fjor, så her snakkar vi gjenbruk. Biletet av julenissen er frå eit klippeark kjøpt på panduro.

Raudt og kvitt

Fleire utfordringar står for tur, og denne gongen slår eg likegodt til med to bidrag til Sketchy Colors si utfordring nr. 48. Fargane til utfordringa er raudt og kvitt, og her er mine to bidrag.


Eg har brukt ark frå Webster pages og Kaiser Craft "Tis' the season", ein heimelaga blome og kakedoilies, litt band og metallpynt frå perlehuset.

Her har eg brukt ark frå Kaiser Craft "Tis' the season", notepapir frå loppemarknad, heimelaga blomar frå gamle lysmansjettar og blondar frå ho mor.

søndag 21. november 2010

Ei julehelsing



I dag har eg hatt juleverkstad med to kjekke jenter frå klassa. Eit nytt innlegg frå den kjekke kvelden kjem seinare. Aller først må eg nemleg rekke å poste ei julehelsing som skal vere med i kreative krumspring si utfordring denne veka. Kortet over er mitt bidrag til utfordringa. Det er i 6x6, med papir frå webster pages, vintagefoto frå panduro, eigenproduserte noteblomar og litt blondepynt. Eg har laga fleire kort og i kveld, og det vert nok posta nokre fleire i dagane som kjem. Ha ei god natt!

mandag 15. november 2010

Barnedåpshelg

Eg har vore i barnedåp som fadder til Eva Camilla i helga. Kortet til dåpsbarnet vart laga som små sko etter ein mal eg fann på kreativesider.no. Eg var og med på å pynte bordet :) Syns mamma Lina har gjort ein særdeles god innsats i planlegginga og førebuingane! Kjekk helg!


PS: skoa er med i ei utfordring på that's just so cute..