mandag 28. februar 2011

Monster 2


Endeleg har eg fått somla meg til å legge ut eit bilete av monsterbuksa eg strikka i januar.. Eit litt skummelt monster på brun og grå bukse.. Passar godt til denne tøffe guten her :)

eg bakar..

Hans Jakob har nett vore ein tur i USA og eg har fått cupcakesutstyr. Fine former, fine fargar, gode ingrediensar og i helga har eg prøvebakt. Har nok ein god del forbetringspotensiale både når det kjem til cupcakesoppskrifter og til frostingspruting, men det var kjekt og denne dama her har mange gode tips når det kjem til cupcakes.. :)


Gode vart dei i alle høve!

eg strikkar..


Restegarnet frå julegavestrikkinga har vorte til lesesalstøfler. Strikka i forelesingar til bruk på lesesalen :) Det er skuletøflene sine det! Har også strikka eit par sitteunderlag til meg og Hansi. Det er kjipt å berre strikke til andre, så måtte lage sitteunderlag til oss også!

tirsdag 22. februar 2011

Pynte litt

Vårsola har kome for fullt og gjer det så mykje lysare og trivelegare inne. Det har ført til at eg har fått så lyst til å pynte litt, og medan Hans Jakob var i USA skjedde det både eit og anna på heimebane.

Rut sine fine kalenderkort får lyse opp i ramma, og ein av englane mine kosar seg saman med alle prinsessene.

Mamma var på besøk i helga og hadde med gamle bileter som vi førte over på printerstoff. Det
vart til eit koseleg hjerte med mormor, oldermor og tippoldemor på.

I høve valentines og morsdag var det tilbod på blomar overalt, og ein hjerteeføy og nokre nydeleg grønrosa roser fekk vere med meg heim og pynte opp. Rosene har snart stått i to veker!


Settekasse


Har fått litt meir orden i scrappesakene no som den nye settekassa mi og den vesle kommoden har vorte heilt ferdig. Søstrene Grene har hatt settekasser til ein billeg penge, og fine papir til ein enda billegare penge, og då vert det fart på sakene.

Brurepara på veggen er mamma og pappa, og svigermor og svigerfar. Rammen er originale og eg tykkjer det er ganske morosamt at dei valte same ramma på kvart sitt bilete. Boksa med brureparet på er fin tykkjer eg og der har eg mange av bileta frå bryllaupet vårt som ikkje fekk plass i bryllaupsalbumen.

I settekassa har eg fått plass til puncherane mine frå Martha Stewart, nokre stempel og anna koseleg pynt. I den vesle kommoden har eg putta scrappeverktøya som eg nyttar mest, og som er kjekt å ha lett tilgjengeleg.

Morfars kommode


Denne kommoden lagde morfar for mange mange år sidan. Kommoden vart min då eg flytte heimefrå for snart sju år sidan. Sommaren før eg flytta hadde eg han som mitt store oppussingsprosjekt. Då var han trekvit og lakka, og det vart mange timar i hagen med pussemaskina før eg malte han kvit, med grå skuffer og kvite handtak.

Dei to siste åra har han stått i gangen vår i Trondheim og det har vorte nokre dultar og spark. Skitne sekkar og våte jakker har også bidrege til at han ikkje lenger var like fin.

Eg har tenkt lenge på korleis eg skulle gjere han fin att, og førre mandag sette eg i gang. Malinga som var att frå tallerkenhylla gjorde han lysegrå, og ein rull med tapet var redninga for skuffene og toppen. Ei kjekk settekasse frå Søstrene Grene fekk same behandling. Greit til plassere småting i som vi brukar i kvardagen.

No står han i gangen vår og lysar opp. Kjekt med forandring!