søndag 9. januar 2011

Fjorårets julegåver 2 og 3

Det er kjekkast med heimelaga gåver tykkjer eg. Så det vart nokre fleire heimelaga gåver frå meg til jul, som no altså er i fjor..

Til fadderbarnet mitt lille Eva strikka eg ei monsterbukse, etter dette mønsteret. Og sidan eg hadde att litt garn strikka eg ei apebukse i samme slengen. Og eg hadde framleis litt garn att etter det, og eg er no i gang med monsterbukse nr. 3. Bilete kjem av den når den er ferdig.



Til nevøen min Simen sydde eg eit legoteppe. Han har nett starta å leike litt med lego, og då er det kjekt å ha ein plass å oppbevare legoen.. :)

Nett no skal eg sette meg ned å lage nokre bursdagskort. Første kvartal av 2011 inneheld maange bursdagar.. :)