søndag 6. juni 2010

Sydama

Eg lovte i forrige innlegg å vise noko meir av det eg fann på loppemarknaden i går. Og her er ei av to skjorter som vart med heim. Skjorta var i storleik XXL, med andre ord perfekt for omsying, for her var det mykje stoff å ta av :) Etter inspirasjon frå denne bloggdama her har eg sydd meg ein sommartopp..


Utgangspunktet.. Klar for oppspretting :)

Det endelige resultatet. Sjølvsagt hengande på perlekleshengeren min som eg fekk med på kjøpet då eg kjøpte pelsboleroen til brudekjolen..

Fann nokre blondegardiner på loppemarknaden som og vart med heim, perfekt for pynting :)

På baksida er knappestolpen frå framsida av skjorta.. Sjekk Nidarosdomen i bakgrunnen :) Bra utsikt frå gangen vår :)

Og til slutt ei blid sydame, som er veldig nøgd med eit kjekt syprosjekt. No ventar neste skjorte. Spennande å sjå korleis den vert :)

4 kommentarer:

Unknown sa...

Kjempefin, spes. artig å bruke knappestolpen i ryggen!
Glad og fornøgd er du også!!

cathrine sa...

Den ble kjempefin Elisabeth!

Elisabeth sa...

Hipp hurra og tusen takk! :)

Anja Rio sa...

Å så veldig fin den var :) Eg er imponert!