tirsdag 22. februar 2011

Morfars kommode


Denne kommoden lagde morfar for mange mange år sidan. Kommoden vart min då eg flytte heimefrå for snart sju år sidan. Sommaren før eg flytta hadde eg han som mitt store oppussingsprosjekt. Då var han trekvit og lakka, og det vart mange timar i hagen med pussemaskina før eg malte han kvit, med grå skuffer og kvite handtak.

Dei to siste åra har han stått i gangen vår i Trondheim og det har vorte nokre dultar og spark. Skitne sekkar og våte jakker har også bidrege til at han ikkje lenger var like fin.

Eg har tenkt lenge på korleis eg skulle gjere han fin att, og førre mandag sette eg i gang. Malinga som var att frå tallerkenhylla gjorde han lysegrå, og ein rull med tapet var redninga for skuffene og toppen. Ei kjekk settekasse frå Søstrene Grene fekk same behandling. Greit til plassere småting i som vi brukar i kvardagen.

No står han i gangen vår og lysar opp. Kjekt med forandring!

1 kommentar:

Birgit sa...

Så fin kommoden ble, jeg har en lignende på loftet og ble veldig inspirert!