Endeleg kan eg legge ut bilete av fødselsdagsgåvene til dei to nye verdsborgarane som har kome i løpet av dei tre siste dagane! Filip August og Eva Camilla har vore venta på i lengre tid, og endeleg har dei kome til verda! Gratulerer mødrer, fedrer og storesøster!
I går fekk eg vitje vesle Filip August på sjukehuset, og han fekk si lille blå fødselsdagsboks full av små kjekke ting å gi vekk!

Eva Camilla kom til verda idag, og sjøv om ikkje ho enno har fått si boks, reknar eg med at verken ho, mor eller far er særs ivrige blogglesarar dei næraste dagane! Difor trur eg det skal vere trygt å leggje den ut litt på forhånd!

For dei litt meir scrappeinteresserte så er boksene laga etter mal frå ei Happy Meal-boks frå MacDonalds. Ein god idé som eg vart inspirert til på ei av mine bloggrunder. Eg har nytta ark frå Webster Pages, bazills, elles litt sløyfer, bokstavar, utstansa sommerfuglar og nokke anna småpjask. Hausten er i gang, og dermed og scrappesesongen! Eg hiv meg med på utfordringa frå Nordsalten Hobbyklubb som var å lage noko med vingar. Vingane finn du på den søte feen som rir på skilpadda, og på sommerfuglane på sidene til boksa.
Det er kjekt med nye verdsborgarar!