Årets adventsdekorasjon vart enklare enn i fjor, men eg er likevel nøgd.. :) No er heimen rydda. Stjerna eg laga i fjor er kome opp i vindauget, julekrubba frå Willow tree er sett opp og dei lilla dukane er lagt på. Eg pyntar med lilla for å halde meg til kyrkjeåret sine fargar. Idag har vi gått inn i det nye kyrkjeåret og fargen på tekstilane i kyrkja er lilla no. Så det er det det går i her i huset.. No skal eg strikke og hekle litt, og så ventar adventskonsert i kveld før nattevakt. Det er deilig å tenke på at det går mot jul, eksamens- og jobbfri. Det vert godt! Ha ein flott 1. søndag i advent du og.. PS: det går dårleg med kortutfordringane til no. Utruleg kor mange flinke damer det er der ute :) Hehe..
Tre veker på impulstur til USA
-
Det heile byrja med at vi skulle sjekke restplass.no etter billige
sydenturar. Det eine førte til det andre og brått var me på tur til USA
igjen (!) Her er...
for 11 år siden