
I går kveld på nattevakt fekk eg ein god idé..
Kleshengarane mine er for store for barnekleda, så kvifor ikkje lage eigne passande barnekleshengarar sjølv?
Tenkte eg kunne forklare steg for steg korleis eg laga dei, så kanskje du får lyst til å lage kleshengarar sjølv?
Først måtte eg på Clas Ohlson for å kjøpe
ståltråd. Kjøpte ein som er 1,5 mm tjukk. Den er passe stiv til å henge noko på, men samstundes ikkje så stiv at eg ikkje klarar å bøye den med handemakt. Og i posen var det tre rullar, ein rull rakk til tretten hengarar.
Deretter bar det heim, og eg måtte rote litt i ei av hobbyeskene mine under senga etter treperlene mine. Dei såg eg for meg at kunne passe bra som pynt. Klipte opp ståltråden med ei avbitartang i stykke på litt over ein meter. Sjølve hengaren er ca 30 cm brei. For å få til dei runde endane bøyde eg ståltråden rundt metallrøret på støvsugeren, då vart kleshengeren passeleg avrunda. Tvinna ståltråden på toppen etter å ha forma til ei passeleg form, tredde på perler på endane, forma eit hjerte, tvinna igjen og klipte av endane med ei avbitartang.
Desse kleshengarane er alt for fine til å henge inni skapet, difor brydde eg meg ikkje med å lage krok til å henge over ei stang. I staden for kan ein spikre ein spiker i veggen og la kleshengeren henge framme med favorittplagget på!
Etter å ha laga ti perlekleshengarar kom eg på at eg hadde litt kvite gjennomsiktige stoffrestar igjen frå ei av gardinene frå loppemarknaden eg var på førre helg. På dei siste tre kleshengarane tvinna eg stoffstrimler rundt ståltråden før eg bøyde den. For å få stoffstrimlene til å sitte fast tvinna eg tynnare ståltråd rundt og rundt.
No vert det enda kjekkare å sy fine ting, når dei kan henge på eigenproduserte hengarar!
Håper du prøver!