Hadde kvinneforeninga på sykveld på mandag. Då sydde vi hjerter, små fylte hjerter til for eksempel å henge på juletreet. Tysdag, onsdag og i dag har eg sydd på nokre juleprosjekt som kjem på bloggen etter jul. Kan ikkje avsløre julegåvene :)
Andrea er særs ivrig i stappinga av hjerta.
Har også sydd ei bestilling på eit strikkepinneetui. Fann dette skikkeleg kule stoffet på stoff og stil med babuskaer (skrivast det slik?). Syns det var så stilig. Og eigaren vart nøgd og! Kjempekjekt!
No gjenstår det stort sett tråkling av vrengeopningar og slike ting på julegåvene. Men det er kjekt arbeid! Deilig å endeleg få gjere noko praktisk! God natt :)
3 kommentarer:
Eieren er veldig fornøyd:) Takk!
:) Supert! I dag har eg ordne- og ryddedag inkludert baking av lussekattar til søndag :)
elisabeth!!! du er ein inspirasjon!!! og eg ynskjer meg strikkepinneetui til neste gåveanledning!!!!!!
Legg inn en kommentar