tirsdag 24. november 2009

Ny utfordringsblogg - Sketchy colors


En ny utfordringsblogg har starta opp.. Kjekt å kunne vere med på enda fleire konkurransar. Sjekk ut! Og enno ein ting til.. Eg har ikkje slutta å scrappe, men eksamenstida er over meg så har ikkje hatt tid til å legge ut nokre nye prosjekt. Tippar at etter første eksamen på mandag kjem det noko nytt.. :)

fredag 6. november 2009

Kiss

Her har eg laga enda eit bidrag til bryllaupsalbumen.. Dette er med i ein bonuskonkurranse på scrapping the music - på norsk.. Bonusoppgåva var å lage noko med rundingar, og her har eg laga heklakant rundt bakgrunnen, og brukt ei plate eg fann på loppis, syns tittelen var så passande :) Og så har eg marsmallowsrundingar som dannar eit hjerte rundt tittelen på LOen.. Elles er mamma sine gamle blondar flittig brukt og her som ramme bak eine biletet.

Herleg augneblink!

tirsdag 3. november 2009

Vinterland

Heime frå skulen og scrappar? Ja, det er eg. Eksamen nærmar seg, og aversjonen mot lesing aukar i omfang. Etter ein kort tur på skulen for eg heimatt, og rakk akkurat å scrappe ein LO før eg skal på forelesing att! I dag har eg lifta (=herma) etter ein annan LO, og det er gjennom ein konkurranse på ScrappeHuset. Dette er ein del av bryllaupsalbumen, og Ole Kristian skal ha æra for å ha teke så flotte bilete :) Har forresten lagt ut biletet som eiga fil og, så kan du få sjå kor fint det er :)




Materialliste:
- ark frå papirdesign og panduro
- tag frå panduro som eg har sverta
- noteark frå eit gammalt julenotehefte
- blonde fra mammas kommode
- filtbokstavar frå thickers
- litt band og ein knapp
- sjølvhekla snøkrystall
- og tilslutt ein perleswirl

Takk for at du kikar innom :)

torsdag 29. oktober 2009

Saumfart

Saumfart er det ein har når ein får bestillingar på strikkepinneetui :) Då må ein sy i full fart. Her er to laga på like mange dagar. Restestoffet frå jumpsuiten eg laga i sommar vart nok til det nedste, og det prikkete stoffet har eg kjøpt på stoff og stil, og det likar eg kjempegodt!
Er det fleire som har lyst på strikkepinneetui? Eg syr gjerne på bestilling..








tirsdag 27. oktober 2009

Gift..

Produksjonen har som sagt vore stor i det siste..
Her er siste bidrag til bryllaupsalbumen :)

mandag 26. oktober 2009

Sol

Hans Jakob har vore vekkreist i helga, så alt av scrapbookutstyr har fått flyte utover :) Det har resultert i fleire LOar til bryllaupsalbumet og til forlovingstidsalbumet, og her er ein av LOane som skal i forlovingstidalbumet. Ein flott maidag i Trondheim i fjor var eg og Hans Jakob på scootertur.. Vi endte opp på det som viste seg å vere nudiststranda i Trondheim. Vi fant nemlig ut at det låg ein naken mann på eit svaberg litt lenger borte, då nokre små ungar ropte til pappaen sin. "Pappa, pappa, her er ein naken mann!" Vi valte å ikkje ta bilete av han, men tok i staden for eit bilete av meg med Trondheimsfjorden i bakgrunnen..



Eg har fått inspirasjon til denne LOen her. Syns saumsirklane var så stilige :)

lørdag 24. oktober 2009

Seinsommargolf - skissedillaskisse #30

Ny LO laga etter skisse frå skissedilla.
Her frå ein seinsommardag i fjor då vi var på Byåsen og koste oss på drivingrangen..
Kameraet til Hans Jakob gjekk tomt for batteri, så det vart ikkje så gode bilete..