søndag 29. november 2009

1. søndag i advent

Sterke tradisjonar heimefrå får no feste i min eigen heim! Advent og lilla høyrar saman, og midt i all eksamenslesinga var eg og Ragnhild på markatur og mosesamling denne veka. Det har resultert i årets adventsstake med mosehjerter. Gjenbruk av vrihasselen frå bryllaupet er stas, og det er faktisk same sort lys frå IKEA, berre i ein anna farge. I dag har vi hatt adventsstund med tenning av lys og song av første vers i adventssongen. Eg har eksamen i morgon, så noko særleg meir adventskos vert det ikkje tid til. Med unntak av ein adventskonsert i kveld. Det vert kjekt! God første søndag i advent, og hugs kven vi ventar på no når vi går inn i adventstida, Fredsfyrsten fra Betlehem.

Men du, Betlehem, Efrata,
den ringeste blant ættene i Juda!
Fra deg lar jeg komme en mann
som skal være hersker over Israel.
Han har sitt opphav i gammel tid,
han er fra eldgamle dager.
Mika 5,1





Følg forresten med.. 1. desember vert det avduking av årets adventskalender :)

tirsdag 24. november 2009

Ny utfordringsblogg - Sketchy colors


En ny utfordringsblogg har starta opp.. Kjekt å kunne vere med på enda fleire konkurransar. Sjekk ut! Og enno ein ting til.. Eg har ikkje slutta å scrappe, men eksamenstida er over meg så har ikkje hatt tid til å legge ut nokre nye prosjekt. Tippar at etter første eksamen på mandag kjem det noko nytt.. :)

fredag 6. november 2009

Kiss

Her har eg laga enda eit bidrag til bryllaupsalbumen.. Dette er med i ein bonuskonkurranse på scrapping the music - på norsk.. Bonusoppgåva var å lage noko med rundingar, og her har eg laga heklakant rundt bakgrunnen, og brukt ei plate eg fann på loppis, syns tittelen var så passande :) Og så har eg marsmallowsrundingar som dannar eit hjerte rundt tittelen på LOen.. Elles er mamma sine gamle blondar flittig brukt og her som ramme bak eine biletet.

Herleg augneblink!

tirsdag 3. november 2009

Vinterland

Heime frå skulen og scrappar? Ja, det er eg. Eksamen nærmar seg, og aversjonen mot lesing aukar i omfang. Etter ein kort tur på skulen for eg heimatt, og rakk akkurat å scrappe ein LO før eg skal på forelesing att! I dag har eg lifta (=herma) etter ein annan LO, og det er gjennom ein konkurranse på ScrappeHuset. Dette er ein del av bryllaupsalbumen, og Ole Kristian skal ha æra for å ha teke så flotte bilete :) Har forresten lagt ut biletet som eiga fil og, så kan du få sjå kor fint det er :)




Materialliste:
- ark frå papirdesign og panduro
- tag frå panduro som eg har sverta
- noteark frå eit gammalt julenotehefte
- blonde fra mammas kommode
- filtbokstavar frå thickers
- litt band og ein knapp
- sjølvhekla snøkrystall
- og tilslutt ein perleswirl

Takk for at du kikar innom :)